• Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Pris 199,00 398,00
Antall: stk
ISBN:
9788247603987
År:
2012
Sider:
253
Forfatter:
Oddgeir Bruaset
Kven er desse menneska? Har dei gjort det mange av oss har drøymt om, men få har våga? Og – har dei noko å seie oss?
Framleis finst det menneske som vel å leve i einsemd, milevis frå næraste granne. Somme er fødde og oppvaksne på desse stadene og ønskjer å bli verande. Andre har brote med sitt tidlegare liv og ytt til ein utpost. Ikkje alle trivst med å ha asfalt under føtene eller å vere slavar under klokka og maskinen. Derfor har dei søkt freden og fridommen i ein fjern avkrok. 

"Overalt står og heng parafinlampar og lysestaker. Om mannen gjennom ein mannsalder har hatt arbeidsplassen sin i tre ulike kraftstasjoner, har han ikkje late ein einaste elektrisk kilowatt få sleppe inn i kåken sin. Her skal ingen frysar dure, her skal ingen vaskemaskin brumme. Her skal stilla rå. Ein gong stod ein tysk turist i døra. Ho spurde om ho kunne få ta nokre bilde av det uvanlege huset ho hadde funne. «Ver så god, og kjem du inn, skal du få kaffi også,» svare verten. Litt etter sat ho i stova og høyrde stilla. «Her må Gud bu,» sa ho etter ei lang og lydlaus stund." 

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu er blitt ein av dei mest populære TV-seriane vi har. I denne boka, som er skriven av programskaparen Oddgeir Bruaset, vil ikkje lesaren berre møte att stader og menneske han kjenner frå skjermen, men oppdage nye, spennande sider ved dei. Her er muntre historier og gripande lagnader om kvarandre.