• Det veglause folket i Rogaland

Det veglause folket i Rogaland

Pris 199,00 398,00
Antall: stk
ISBN:
9788247603949
År:
2011
Sider:
240
Forfatter:
Oddgeir Bruaset
"Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" historier frå Rogaland.
Historiene om livet på dei avsidesliggjande gardane i Rogaland er like mange som dei er forunderlege. Her er soger om budeier som fødde i stølsvegane, og om barske menn som med spedbarnet ved bringa gjekk milevis over vinterfjellet for å få det kristna i ei fjerntliggjande kyrkje. 

Dette er den 6. boka Oddgeir Bruaset har skrive om menneske som jamt stod åleine i kampen mot svolt og fare og nådelause naturkrefter. Før har han henta stoffet frå Sunnmøre, Nordfjord, Sogn og Hardanger. Innimellom har han skrive og laga TV-program om folk som framleis bur på stader ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Og no er turen kommen til Rogaland. Denne boka står ikkje tilbake for dei andre, korkje i spenning, dramatikk eller livsvisdom. 

«I Oddgeirs bøker møter du nordmenn (og kvinner) som lever et tøft liv i pakt med naturen, ofte med gudsfrykt og alltid med nøysomhet! Bruaset gir deg leseropplevelser av de sjeldne!» – Svein Andersen, forlagssjef