• Folket langs fjorden

Folket langs fjorden

Pris 399,00
Antall: stk
ISBN:
9788247605097
År:
2016
Innbinding:
Stivperm
Sider:
313
Språk:
Bokmål
Forfatter:
Oddgeir Bruaset

Historia om folket langs Storfjorden er ei historie om eit liv i slit, eit liv i fare, men òg eit liv som har eventyrets glans over seg, sett med dagens auge.

 

 

Dei levde i stupbratte fjellsider, ute på stupkanten, innunder fjellhamrar,
og dei levde av det naturen kunne gje dei, grastuster til krøtera, gras dei
henta overalt,nede ved strendene, oppe på hamrane.
Furua og lauvskogen i liene vart byggjevyrke til alle dei hus dei trong,
til ved og varme og til reiskapar og andre hjelpemiddel dei hadde bruk for.

Som oftast budde dei i lang avstand frå kvarandre, og vegen mellom heimane
var ein krøterstig i brattfjellet, der snøskreda og steinspranga truga.Men trass slitet
og trass faren kjende folket ei lukke over å få det til,vere sjølvhjelpte, sleppe å vere
andre til last.

No har folket søkt lunare lende, men titt går lengten attende til fridommen dei
kjende der oppe på hyllene sine.Og det finst jamvel menneske som i seinare år har
søkt attende til dei veglause gardane langs fjorden,sjølv om deira liv er meir lettvint
enn det forgjengarane hadde.

NRK-journalisten Oddgeir Bruaset laga i 1989 eit oppsiktsvekkjande
TVprogram om folket langs Storfjorden. Frå dette programmet går det
ei bein line fram mot TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.
Eit par år etter programmet frå Storfjorden skreiv han si første bok.
Ho handla om storfjordfolket, og ho vart starten på ein forfattarkarriere
som femner om meir enn 25 bøker.

Denne boka byggjer vidare på dei andre bøkene frå Storfjorden, men
ho inneheld så mykje nytt stoff og så mange fleire bilete – for det
meste tekne av fotokunstnaren Per Eide – at det er ei ny bok
meir enn ei ny utgåve.

FOLKET LANGS FJORDEN ER EI BOK OM VÅR
FORTID, MEN EI BOK FOR VÅR SAMTID.