• Håp for samlivet

Håp for samlivet

Pris 99,00 298,00
Antall: stk
ISBN:
9788247604007
År:
2012
Sider:
112
Forfatter:
Hans Olav Tungesvik
Gled deg! Det finst håp for samlivet – jamvel om både statistikkar og media fortel at samlivsbrot ikkje er uvanleg!
Bruk av vitaminer for samlivet er eigna til å førebyggja kriser og hindra at vekst og trivsel stoppar opp. Er ditt ekteskap friskt og velfungerande, eller har det mangelsymptom? Her får du både samlivsvitaminer og CuraMed! 

Psykiater Hans Olav Tungesvik kjem med råd og rettleiing som kan brukast av ektepar i nyforelska rus eller i full krise. Ved jamn og tilstrekkeleg tilførsel av vitaminer, og ved å læra kjærasten så godt å kjenna at ein veit kva som er godt for han/henne å bli møtt med, kan de leva lukkeleg og unngå samlivsbrot eller finna tilbake til kvarandre dersom krisa alt er eit faktum. Du får ei romsleg tolking av kva som ligg i omgrepet «kjærleiksspråk», og ein spennande gjennomgang av 10 viktige vitaminer for samlivet frå den erfarne forfattaren, som gjennom personleg rådgjeving har samtala med ektepar i krise gjennom fleire tiår. I boka vil du òg møta par som har stilt sine erfaringar til disposisjon, i håp om at det dei har vore gjennom, kan koma til nytte for andre. Det dei fortel, er ein god illustrasjon på at det finst Håp for samlivet. 

HANS OLAV TUNGESVIK er fødd i 1936 i Skånevik. Han er lege og spesialist i psykiatri. Tungesvik har vore fylkespsykiater i Finnmark og sjeflege ved Modum Bads Nervesanatorium. I tida 1985–2008 dreiv han Frihamn psykiatriske senter i Skånevik. Dei siste åra har han hatt deltids spesialistpraksis i psykiatri med kontor ved Skånevik Helsesenter. Forfattaren var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti 1977–1985. Han har gitt ut ei rekkje bøker om faglege emne. Han er ein mykje nytta foredragshaldar, for det meste med tema knytt til det mellommenneskelege samspelet.